mandag 29. august 2011

Jomfru men ikkje fanatisk!

Eg har fått spørsmål om kvifor uroppføringa av den musikalske historia om den skjønne jomfru foregår på Ringerike.
Då kan eg svare at Ringerike var bra nok for Olav den Hellige og for Svein Olav den ikkje fullt så hellige, som var så heldig å få kome hit 1000 år seinare med sin Marte-den ikkje fullt så jomfruelige. Og då blei det her.
Nei faktum er vel meir at Sunnivafestspela, som eg hadde avtale med, avgjekk ved døden, ikkje dramatisk i ei fjellhole, men stille og litt trist.  I alle fall litt trist for meg/oss som hadde gledd oss til framføring i "hembygda". Men du skal sjå det kan bli ei råd.
sob

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar